By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Har du lyst til å verta leiar av ei lokalavis med eit viktig samfunnsoppdrag? Brenn du for lokaljournalistikk og ønskjer å forme framtida for eit moderne mediehus? Drøymer du om å bu og arbeida i ein region med spektakulære naturopplevingar og eit levande lokalsamfunn? Då kan du vera den leiaren Hordaland søkjer!
Hordaland dekkjer kommunane Voss, Ulvik og Vaksdal. Avisa dekkjer det som skjer løpande på nett og mobil og kjem ut to gonger i veka på papir. Samla har me over 18.000 lesarar dagleg på våre plattformer. Me har i det siste hatt god vekst digitalt og har ambisjonar om å styrkja oss ytterlegare her dei neste åra.
Me er ei nytenkjande avis med solide tradisjonar og har store ambisjonar. Me skal vera den viktigaste kjelda til nyhende for innbyggjarar på Voss og omland, og vera fyrstevalet for lesarane våre. Som redaktør og dagleg leiar får du det overordna ansvaret for redaksjonell leiing, drift og utvikling av avisa.
Kva ser me etter:
No søkjer me ein tydeleg og samlande leiar som kan ta avisa vidare. Me søkjer ein leiar som vert motivert av å setja dagsorden, engasjera lokalsamfunnet og levera journalistikk av høg kvalitet. Me ser etter ein inspirerande leiar med sterk samfunnsforståing. Du bør ha leiarambisjonar og redaksjonell leiarerfaring, men me er òg opne for journalistiske talent med sterke leiarevner. Du må stå støtt i presseetiske avgjerder. Det er sjølvsagt ein fordel om du bur eller vil busetja deg på Voss. Me skriv nynorsk, og du må kunne køyra bil.
Kva tilbyr me:
Du vil få ei sentral rolle i eit sterkt redaksjonelt miljø, med støtte frå Amedia og tilgang på gode ressursar frå deira fagmiljø. Me er ein redaksjon med dyktige journalistar, og du vil få høve til å vidareutvikla redaksjonen i eit godt arbeidsmiljø, gjennom eit viktig journalistisk produkt. Hordaland held til på Voss som er ei av dei mest innovative bygdene i landet. Voss ligg sentralt til i tidlegare Hordaland fylke, med jernbanesamband til Bergen og Oslo. Lokalsamfunnet står sterkt og er i vekst. For dei vel 16.000 innbyggjarane er Hordaland ei viktig kjelde til nyhende og debatt, og som ansvarleg redaktør og dagleg leiar vil du spela ei nøkkelrolle i å vidareutvikla avisa sin posisjon.
Hordaland er eigd av Amedia, som er sertifisert av Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar og er eit bevis på at våre medarbeidarar opplever organisasjonen som ein god stad å jobba. Les meir om korleis det er å jobba i Amedia og våre aviser, på karrieresidene på Amedia.no og fylg oss på LinkedIn.
Er du klar for utfordringa?
Ta kontakt med våre rekrutteringspartnarar i FRAM. Du kan òg kontakta styreleiar Svein Atle Huus svein.huus@amedia.no eller klubbleiar Ørjan Brattetveit, obr@avisa-hordaland.no. Me ser fram til å høyra frå deg!
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Alternativ bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Alternativ bransje | Kommunikasjonsrådgivning |
Bedriftsnavn | HORDALAND BLADDRIFT AS |
Skulegata 9 | |
5700 VOSS | |
Nettside | www.avisa-hordaland.no/ |
Søknadsfrist | 11. april 2025 |
Arbeidsplass | Voss |
Tittel | Ansvarleg redaktør og dagleg leiar |
Sektor | Privat |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Ann Mari Nygjerde Partner ann.mari@framrekruttering.no +4795750245 |
Bård Idås Partner bard@framrekruttering.no +4795044483 |